5.2.2013. Presentasjon av heimesida.

Published on:
07.02.2013
Content:

Etter konsentrert arbeid i ein trevekers periode, og med god hjelp frå rotarydistriktet, vart heimesida presentert. Sida har vore planlagt lenge og er no endeleg klar til bruk. Den etterlengta møtekalenderen på heimesida blir no sentral informasjonsstad for dei ulike aktivitetane i klubben. Følg også med på nyheitssida!

Elles blir sida viktig for all rotaryinformasjon, både på klubb-, distrikts-, nasjonalt- og internasjonalt nivå. No gjeld det å halde sida levande gjennom aktive medlemmer!

Det var stor glede i klubben - "eit mirakel", vart det sagt!

3-minutt ved Asle Bjørgen: Han presenterte sine vurderingar rundt det å bli pensjonist, og han knytta det saman med den situasjonen drosjenæringa i fylket, og særleg i Meldal, er i etter ny konsesjonstildeling.

Urvisning av heimesida

Glade rotarianera